Sjåførar klagar på manglande brøyting av «vanvettige» mengder snø

MANGE MELDINGAR: Vegtrafikksentralen har fått inn mange meldingar frå sjåførar onsdag morgon om glatte vegar og dårleg brøyting. Her frå rv 5 ved Svarthumle.

MANGE MELDINGAR: Vegtrafikksentralen har fått inn mange meldingar frå sjåførar onsdag morgon om glatte vegar og dårleg brøyting. Her frå rv 5 ved Svarthumle. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSEL: Glatte vegar, mykje snø og dårleg brøyting går igjen i klagene til vegtrafikksentralen onsdag.

DEL

– Vi har fått nokre telefonar i natt og i morgontimane, og det vil nok komme ein del meldingar utover dagen også.

Det slår Ketil Molvær i vegtrafikksentralen i Lærdal fast.

– Den er litt sleip den her vårsnøen, og det er litt glatt på vegane, så det er ein typisk dag der det vil komme litt meldingar. 

Klager på dårleg brøyting

Molvær har fått inn mange meldingar om vanskelege køyreforhold. Fleire stader i fylket har det komme snø i løpet av natta, og fleire sjåførar klagar over mangelfull brøyting:

Frå Førde kom det halv fem onsdag morgon melding om på «svinglatte vegar». Litt seinare på morgonkvisten kom ei ny klage på mangelfull brøyting på førdesida av Naustdalstunnelen. 

Snøras på fv. 53

På fv. 55 mellom Høyanger- Vadheim kom det også melding om dårleg brøyting, noko det også gjorde frå fv. 65 på strekninga Salbu- Hellevik.

– Her kom det klager om at det var vanvettige mengder med snø, visstnok 10- 15 cm. 

Det har også komme meldingar om at det skal vere glatt mellom Balestrand og Lone.

På fv. 53 har det gått eit lite snøras ved Jåteli, som er forventa å vere rydda til 07. 30 onsdag morgon.

Ved Ålfoten på rv. 614 hamna ein bil utfor vegen, men klokka 10.15 opplyser vegtrafikksentralen at bergingsbil er på veg. 

Bil hamna i grøfta

Eit vogntog har fått trøbbel mellom Vadheim og Lavik på glatta og måtte legge på kjettingar på morgonkvisten.

Ein bil hamna i grøfta ved Raudeberg, opplyser Molvær.

Om det er trøblete køyreforhold i låglandet, er forholda fine over fjellovergangane.

Salta vegar blir som mjøl

Klokka 10.15 opplyser vegtrafikksentralen til Firda at sjåførar klagar på at salta vegar blir som «mjølete» vegar.

– Ein sjåfør sa han ikkje turte køyre meir, for hengaren berre slang bak han, seier Ketil Molvær.

Sjåføren køyrde strekninga Eid- Breim.

– Problemet er at når ein skal brøyte fekk snøen, må ein salte etterpå for at det ikkje skal vere glatt. Når saltet løyser seg opp, blir det ei utfordring. 

Artikkeltags