Blir den liggande?

FØRSTE SNØFALL: Snøen som kom tysdag formiddag er våt, men legg seg på bakken. Der kan han bli liggande ei stund.

FØRSTE SNØFALL: Snøen som kom tysdag formiddag er våt, men legg seg på bakken. Der kan han bli liggande ei stund. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: – Snøbyene vil fortsette utover dagen og gje seg i kveldinga, seier meteorolog Tone Christin Thaule.

DEL

Tysdag formiddag lavar snøen ned i Førde og fleire stadar i fylket.

– De kan nok rekne med at han blir liggande. Onsdag kjem eit nytt lågtrykk frå sørleg retning som vil gje meir nedbør. Det vil komme som snø i innlandet og sludd eller regn langs kysten. Om Førde fekk snø i dag, får dei nok det i morgon også, seier Thaule.

Nedbøren kjem med kraftfulle vindar

– Onsdag vert det stiv og etter kvart sterk kuling langs kysten og på fjellet. På Stadt kan det òg bli liten storm.

Vinterkulda vil halde fram dei komande dagane, noko som betyr kvite vinterdagar.

– Neste veke ser endå kaldare ut. Det blir kaldt og fint vêr med austleg vind.

Om snøen held seg heilt fram til jul, torer ikkje Thaule seie.

Artikkeltags