– Vi hadde ein platting ute med tørkestativ på, men vi fekk aldri brukt den på grunn av vêret, seier Kjersti Instebø Garfors i Naustdal.

Ho sette dermed mannen Eigil Garfors Instebø på ideen om å bygge noko som gjorde at det let seg gjere å tørke klede sjølv når det regnar.

– Klede som har hengt til tørk ute luktar så godt, seier ho.

Med tre små born får vaskemaskina køyrt seg, og familien var dessutan lei av å ha mange tørkestativ inne når vestlandsvêret set ei effektiv hindring for å tørke klede ute.

Oppfylte ønsket til kona

Då landet var nedstengt, sette det også ein stoggar for Sunnfjord Kiropraktorsenter som Eigil eig og driv. Dermed blei det mykje ledig tid, medan han var permittert.

– Då fekk eg tid til å oppfylle kona sitt ønskje, seier Eigil, som både har teikna og bygd det særeigne tørkehuset.

Tørkehuset er på 2,5x3 meter, og er laga slik at det er god luftgjennomstrøyming – utan at regnet kjem inn.

– Mellom reisverket og sperrene er det skråstilte, glatte terrassebord som er vinkla i 20 grader. Det gjer at vinden kjem inn, medan vassdropane heng att på fjølene utan å komme inn, forklarer Eigil og legg til at det var litt av ein prosess å skru på plass alle fjølene.

Inne har han laga ei smart innretning for å få tørka mest mogleg klede, og for å kunne frigjere plassen etterpå.

– Eg har laga tørkesnorene slik at dei kan hengslast vekk, og blir hengande ned langs veggene når dei ikkje er i bruk, forklarer den nevenyttige kiropraktoren.

Han fortel at dei får plass til i alle fall tre fulle maskiner med klesvask i tørkehuset, utan problem.

Betre inneklima

No unngår familien å ha mange tørkestativ med klesvask inne i huset. Det merkar dei effekten av på fleire måtar:

– Før vi fekk tørkehuset stod klesstativa i gangen, og var i vegen. Det såg rotete ut. Eg kan anbefale tørkehus, seier Kjersti.

– Etter at vi fekk tørkehuset merkar vi stor skilnad på inneklimaet. Det er mykje mindre fuktig inne, fortel ekteparet.

Ifølge forskning.no har ein klesvask i snitt to-tre liter vatn i seg. Dette kan føre til høg luftfukt og kondens på glas og vegger, som igjen kan auke risiko for å få oppblomstring av midd og muggsopp inne.

– Kor mykje har bygget kosta?

– Det har jo blitt bygd litt etter kvart, så eg har ikkje noko full kalkulasjon på det. Men eg trur det kom på mellom 10.000 og 12.000 kroner, anslår Eigil.

Fleire bruksområde

Når tørkehuset ikkje vert nytta til å tørke klede i, har det andre finessar. Undervegs i byggeprosessen såg Eigil fleire bruksområde etter kvart som han bygde.

– Det er stor plass til å tørke andre ting som utandørs badebasseng når badesesongen er over, og ein kan henge opp hengekøyer i taket til ekstra overnattingsplass. Det er to faste senger som kan vippast ned, og der skal vere plass til to hengekøyer i tillegg.

No får både ungar og vaksne moglegheita til å prøve å sove i hengekøye i nære omgjevnader før dei går langt ut i skogen.

– Ofte kan det vere greitt å gjere seg nokre erfaringar før ein legg ut på «ekspedisjon», seier han.

Førebels er det berre Eigil sjølv som har sove i tørkehytta.

– Førre veke byrja ungane å kjenne på sår hals og byrja å bli snørrete. Dermed kunne dei ikkje gå i barnehagen og på skulen. Då kona også blei smitta, tenkte eg at dette ville eg ikkje ha, for det ville ha gjeve mange avbestillingar på kiropraktorklinikken, seier Eigil.

Dermed flytta han ut i tørkehuset.

– Då vart det både god søvn og ingen smitte, konkluderer han.

Alltid eit prosjekt

Døtrene Kristina (4½) og Sunniva (7) synest prosjektet er stor stas, medan veslebror Eivind (1) mest har sett på frå sidelina.

– Jentene har hjelpt til med å skru og å halde på plass fjølene. Prosjektet har vore med på å aktivisere dei, og dei har alt byrja å spørje om kor tid vi skal bygge noko nytt, seier Eigil om dei flinke handlangarane.

Det har dei nok arva etter faren.

– Han er ikkje ein som klarer å sitje i ro utan noko å gjere på. Han er kjent for å alltid ha eit prosjekt, seier Kjersti.

Innandørs klatrevegg

Det har ført til at familien no har fått både køyeseng med sklie og innandørs klatrevegg.

– Klatring gjev ein fantastisk grunnstyrke, og ein må vere både sterk og smidig på ein gong. Det er noko ungar elskar. Små ungar må så klart ha litt tilsyn frå vaksne i starten, men etter kvart klarer dei å meistre både klatreveggen og ribbeveggen på eiga hand. Det er kjekt å sjå kor raskt dei lærer og utviklar seg. Denne grunnstyrken dei vil kunne ta med seg og bygge vidare på resten av livet, seier faren.

I tillegg har dei laga til sykkelbod med blåbærlyng på taket. Det er slikt han har sysla med, medan han laga tørkehuset. Dessutan er Eigil sjølvsagt med på dugnadsjobbing med grillhytte og møblar til på felles leikeplass i byggefeltet.

– Det er slik når han reiser på hytta i Angedalen også. Når andre reiser på hytta, er det gjerne for å slappe av. Eigil jobbar alltid med noko, seier kona.