Gå til sidens hovedinnhold

Var i slagsmål, men fekk seg burgar. Då roa alt seg

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire ungdommar braut ut i slåstkamp. Mange rømte før politiet kom.

Klokka 23.14 natt til søndag fekk politiet melding om eit slagsmål på Hogane i Førde. Slagsmålet skal ha skjedd i friluft. Den friske lufta hjelpte tydelegvis ikkje på humøret.

– Han eine skal ha blitt slått ned, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det skal ha vore mange ungdommar involvert, seier han.

– Kor mange?

– Vi er ikkje sikre på kor mange, for fleire hadde sprunge frå staden då politiet kom til. Då hadde situasjonen roa seg. Vi trefte mellom anna på ein 15-åring og ein 17-åring.

Farlege gjenstandar har ikkje blitt brukt, og det er heller ikkje meld om personskadar, opplyser Kolltveit.

Politiet er ikkje sikre på årsaka til slagsmålet.

– Etter kvart flytta gjengen seg til Burger King. Resten av natta skal ha gått roleg for seg, seier operasjonsleiaren.

– Det blir ikkje oppretta sak i første omgang, men vi skreiv ned personopplysningar til dei vi trefte på staden, fortel Kolltveit.