Gå til sidens hovedinnhold

Var for lenge på toalettet – vart innelåst på utestaden

Det var ei roleg natt for politiet, med unntak av ein mann som blei innelåst på ein utestad etter eit toalettbesøk.

Klokka 02.25 natt til måndag fekk politiet inn ein telefon frå ein mann, som sa han var innelåst på ein utestad i Florø.

– Det var ein mann som skulle på toalettet. Då han gjekk ut av toalettet, var uteplassen stengd, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Algrøy.

På Twitter skriv Vest politidistrikt at mannen hadde vore litt lenge på toalettet, og då han kom ut igjen var alt sløkt og låst.

– Vi ringde til ein tilsett, som kom og slapp mannen ut, seier Algrøy.