Valsvik blir lagkamerat med Solheim: – Ei god moglegheit for meg

GÅR PÅ UTLÅN: Rosenborg låner ut Gustav Valsvik til Stabæk resten av sesongen. I avtalen ligg det også opsjon om kjøp av midtstopparen frå Vik.

GÅR PÅ UTLÅN: Rosenborg låner ut Gustav Valsvik til Stabæk resten av sesongen. I avtalen ligg det også opsjon om kjøp av midtstopparen frå Vik. Foto:

På siste dag i overgangsvindauga vart det klart at Gustav Valsvik blir lånt ut til Stabæk ut sesongen.

DEL

(SOGN AVIS): Rosenborg og Stabæk blei samde om ein leigeavtale måndag.

– Etter samtalar med Åge skjønar eg at det kan bli knapt med speletid i haust. Difor er dette ein god moglegheit for meg. Eg ser fram til å bidra med mitt for Stabæk resten av sesongen, seier Valsvik til RBK.no.

Opsjon på kjøp

I avtalen er det også opsjon om kjøp. Det kunne Stabæk-leiar Torgeir Bjarmann avsløra på Eurosport måndag. Valsvik har to år igjen av kontrakten med RBK.

– I fotball skal ein aldri seie aldri, men vi fekk ein opsjon på kjøp i håp om at det skal gå veldig bra. Samstundes er lønsnivået i RBK mykje høgare enn i Stabæk, av naturlege årsaker. Det blir i si fall ei nøtt å knekke, men om han trivst godt, er alt mogleg, sa Bjarmann til Eurosport.

Har fått beskjed om at han kan forlate RBK: Fleire klubbar jaktar Gustav Valsvik (27)

Fekk 32 kampar for RBK

Vikjen med fortid i Sogndal, Strømsgodset og Eintracht Braunschweig har totalt spelt 32 kampar for Rosenborg etter overgangen i 2019. Midtstopparen har også representert Norge på nivå frå U16 og opp til A-landslaget, der han står bokført med seks kampar.

I Stabæk blir Valsvik no lagkamerat med stryningen Mats Solheim som han spelte på lag med i Sogndal. Solheim kom til Stabæk før denne sesongen etter åtte år i Sverige.

Valsvik sin nye klubb ligg i skrivande stund på 9.-plass på tabellen med 25 poeng etter 20 kampar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken