Jon Askeland (Sp) blir fylkesordførar

Jon Askeland (Sp) blir den første ordføraren i Vestland.

Jon Askeland (Sp) blir den første ordføraren i Vestland.

DEL

Det melde Bergens Tidende fredag klokka 16.05.

Jon Askeland frå Senterpartiet blir den første ordføraren i Vestland. Natalia Golis frå Miljøpartiet dei Grøne blir varaordføra. Dette er klart etter Senterpartiet blei einige med Ap, MDG, V, KrF og SV, melder BT.

- Vårt store felles prosjekt er å bygge det nye fylket til det beste for alle innbyggarane. Det har vore den gjennomgåande målsetjinga når vi har arbeidd fram den nye politiske plattforma med samarbeidspartia, seier Askeland som blir Vestland sin aller første fylkesordførar, i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Vestland Senterparti får 10 representantar inn i det nye fylkestinget.

– Vi har jobba dag og natt og alle partia har fått politiske gjennomslag, sa tidlegere fylkesordfører i Hordaland, Anne Gine Hestetun, under pressekonferansen i Medielandsbyen i Bergen fredag ettermiddag, skriv BA.

Gratis skulefrukost

Dei seks partia har blitt einige om å seie nei til fleire kommersielle vidaregåande skular. Dei som allereie finst skal ikkje utvidast. Det skal greiast ut nye inntaksmodellar, og alle elevar på vidaregåande skule i Vestland skal få eit tilbod om gratis skulefrukost.

Platformen slår også fast at tida for vindkraft i urørt natur er over. Fylket skal dessutan no stille krav om nullutslepp i alle framtidige anbod som gjeld kollektivtrafikk.

Fordelinga av verv blir slik:

  • Arbeidarpartiet skal leie opplæringsutvalet.
  • SV får nestleiaren.Arbeidarpartiet skal også leie utvalet for kultur og idrett. Her skal Venstre ha nestleiaren.
  • KrF skal leie næringsutvalet medan Sp får nestleiaren.
  • I Fylkesutvalet får Arbeidarpartiet fire plassar. Senterpartiet to, MDG, SV, KrF og Venstre får ein representant kvar.

Artikkeltags