– No er sjansen for at eg må tilbake til Oslo veldig stor, seier 24-åringen frå Askvoll.

Saman med kjærasten flytta han frå Oslo til Dale for ein månad sidan, og no reknar han sjansen for retur til hovudstaden som så stor at han fylte ut pendlarbustadpapira sendt ut frå Stortinget er fylt ut.

Det trass i at Krf går tilbake 3,8 prosentpoeng frå førre val.

Les også: Sp klart størst i indre Sunnfjord

Entusiastisk og gira

– Det gjorde eg då dei siste tala vart kjende, seier mannen som er fødd og oppvaksen i Flokenes i Askvoll.

Og viss resultatet held seg også når den siste prosenten er talt opp er det klart at Askvoll får to representantar på Stortinget. Alt måndag kveld vart det klart at Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) får plass i nasjonalforsamlinga. Dei andre faste mandata går til Liv Signe Navarsete (Sp) og Ingrid Heggø (Ap).

– Eg veit at det ventar mykje jobb, og at eg har fått eit veldig stort ansvar. Samstundes blir eg litt entusiastisk og gira på å vise at eg kan få dette til, seier Storehaug.

Klokka 03 melde NTB at Tore Storehaug (KrF) hadde utjamningsmandatet. Då var 95,2 prosent av røystene talde, men kven som får det siste mandatet var framleis ikkje heilt avklart, Sveinung Rotevatn (V) og Vibeke Johnsen (SV) var framleis med i kampen. Klokka 12 var 99 prosent av stemmene talt opp og Storehaug låg inne.

Storehaug: – Stort ansvar

Grytidleg tysdag morgon var han klar på å ta ansvar viss utjamningsmandatet var hans når alle stemmene var talt opp:

– Eg hadde budd meg på at dette kunne skje, men likevel ikkje venta det. Og viss det blir det endelege resultatet får eg ei spennande utfordring, men også eit stort ansvar. KrF går ned i tal mandat, og dermed blir det eit ekstra ansvar for dei som kjem inn for partiet, seier Storehaug på telefonen tidleg tysdag morgon.

– Korleis opplevde du valkvelden?

– Det vart ikkje det resultatet vi hadde håpt og drøymt om, og det kjendest litt som stong ut, seier Storehaug.

Sp største parti

Senterpartiet er største partiet i Sogn og Fjordane med totalt 29,8 prosent. Det er 9,2 prosentpoeng betre enn ved valet i 2013, men held ikkje til å sikre fleire mandat enn det eine partiet har i inneverande periode.

Arbeidarpartiet blir nest største parti med oppslutning på 24,5 prosent, ein nedgang på 3,5 prosentpoeng samanlikna med valet i 2013.

Les også: Hårfin kamp mellom Rotevatn og Storehaug

Høgre gjekk tilbake 0,3 prosentpoeng samanlikna med førre val, men med ein oppslutnad på 18,7 prosent er det klart at Frida Melvær får plass på Stortinget.

Les også: Her kan Frida juble – tvikampen mot Sp er vunnen og Jublar over rekordval for Senterpartiet

Fakta om valresultatet

Dei borgarlege har framleis fleirtal i Stortinget med 90 av 169 mandat, ifølge Valgdirektoratets landsoversikt klokka 03:58, med 95 prosent av stemmene opptalt.

Ap: 27,4, -3,4 (49 mandat)

SV: 6,0, +1,9 (11 mandat)

Rødt: 2,4, +1,3 (1 mandat)

Sp: 10,3, +4,8 (18 mandat)

KrF: 4,2, -1,4 (8 mandat)

MDG: 3,2, +0,4 (1 mandat)

Venstre: 4,3, -0,9 (8 mandat)

Høyre: 25,1, -1,7 (45 mandat)

Frp: 15,3, -1,1 (28 mandat)

Kjelde: NTB