Og Liv Signe Navarsete kan glede seg over solid framgang i alle desse kommunane. Framgangen er størst i Fjaler der tal Sp-røyster er 16 prosentpoeng over valet for fire år sidan.
Vik og Gloppen står tilbake som dei store Sp-bastionane i fylket med høvesvis 49,1 (+11) og 49 (+4,9) prosent av røystene.
Dette er lista over kommunane der Sp var største parti:
Kommune % auke%
Naustdal 33,1 10
Jølster 39,0 6,5
Gaular 38,5 9,2
Askvoll 32,4 11,8
Fjaler 42,5 16
Hyllestad 39,4 15,5
Gloppen 49,0 4,9
Gulen 31,9 9,2
Sogndal 32,5 10,9
Vik 49,1 11
Balestrand 35 12,8
Leikanger 37,0 11,2
Aurland 30,1 12,1
Lærdal 37,4 7,1
Luster 40,0 11,7
Bremanger 28,5 13,7
Eid 31,9 0,4
Hornindal 47 12,8
Stryn 33,8 13
– Dette er berre heilt fantastisk, og eit tydeleg signal frå folket i Sogn og Fjordane om kva dei meiner om politikken Solberg-regjeringa fører, sa ei jublande og strålande nøgd Liv Signe Navarsete måndag kveld.
På landsbasis blei Senterpartiet den store valvinnaren med ein prosentoppgang på 4,8 prosent, og ytterlegare åtte nye mandat på Stortinget.
Ap vart største parti i Flora (30,7 prosent), Høyanger (38,6), Årdal (59,9) og Førde (27,3). Høgre var største parti i desse kommunane: Solund (32,3), Selje (28,9), Vågsøy (28,2).