No siktar han seg inn på ordførarstolen

Morten Askvik er Hyllestad Senterpartis ordførarkandidat ved haustens kommunestyreval. Til dagleg er Askvik lærar ved Hyllestad skule.

Morten Askvik er Hyllestad Senterpartis ordførarkandidat ved haustens kommunestyreval. Til dagleg er Askvik lærar ved Hyllestad skule. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Etter éin periode i kommunestyret, stiller Morten Askvik no som Sps ordførarkandidat.

Men Askvik meiner det er for tideleg å gå ut med programerklæringar.

– Hyllestad Senterparti er i innspurten av ferdigstillinga av partiprogrammet, så eg ønskjer å vere forsiktig med programerklæringar før programmet er klart, seier Morten Askvik som til dagleg er lærar i Hyllestad.

– Men kommunesamanslåing er vel Senterpartiet programforplikta til å vere imot?

– Førebels veit vi for lite, om kva reforma vil bety og om kva oppgåver kommunane skal ha i framtida, til å ta standpunkt til eit så stort spørsmål.

– Det viktigaste for Senterparitet er å sikre best mogelege tenester til innbyggarane.

– Senterpartiet ønskte òg å greie ut alternativet med at Hyllestad heldt fram som eigen kommune, men vi fekk ikkje fleirtalet i kommunestyret med oss på det, avsluttar Askvik.

Lista til Hyllestad Senterparti:

1. Morten Askvik, Leirvik
2. Karin Tonning Hatløy, Sørbøvåg
3. Amanda Strandos, Leirvik
4. Bjørn Atle Systad, Leirvik
5. Agnete Solheim, Leirvik
6. Frode Risnes, Hyllestad
7. Brit Inger Skår, Leirvik
8. Sølve André Lien, Sørbøvåg
9. Liv Kirsten Mjell Hofsvik, Leirvik
10. Fred Soltveit, Sørbøvåg
11. Gunn Tonning Albertsen, Sørbøvåg
12. Kjell Solheim. Leirvik
13. Hilde Karin Solheim, Leirvik
14. Marita Kverhellen, Sørbøvåg
15. Håkon Steinar Giil, Sørbøvåg

Artikkeltags