Bioforsk i Fjaler er redda

Dei tilsette på Furuneset fekk meldinga om at Bioforsk ikkje blir lagt ned like over klokka 13 i dag- Foto: Ole Johannes Øvretveit

Dei tilsette på Furuneset fekk meldinga om at Bioforsk ikkje blir lagt ned like over klokka 13 i dag- Foto: Ole Johannes Øvretveit

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Bioforsk på Fureneset i Fjaler blir ikkje nedlagt. Det orienterte administrerande direktør i Bioforsk, Harald Lossius, dei tilsette ved Fureneset forskingsstasjon om på ein videokonferanse kl. 1300 i dag.

Gunnhild Berge Stang (V), Frank Willy Djuvik (FrP) og Bjørn Lødemel var (H) mellom politikarane som var møtt opp for å feire dagen.

Og landbruksminister Sylvi Listhaug sende si personlege helsing til Frank Willy Djuvik kort tid etter at avgjerda vart kjend: «Du må hilse så mye og ønske lykke til med den viktige joben også fremover for vestlandsjordbruket», skreiv Listhaug. (sjå meldinga t.h.)

Les også: I ring for Bioforsk, Vil stoppe nedlegging, Kan stå utan grasforsking, Pressemelding frå departementet

- Viktig for vestlandslandbruket

– Bioforsk Fureneset har i dag 11 tilsette, heiter det i ei pressemelding frå landbruksdepartemelding.

 – Lokaliseringa gjer rekruttering av forskarar krevjande. Av omsyn til vestlandsjordbruket sine behov for kunnskap, meiner departementet likevel det er viktig å vidareføre aktivitet ved Fureneset, men redusere omfanget noko. På noko sikt er det aktuelt å vurdere organisering og bemanning innanfor NIBIOs totale verksemd, heiter det i pressemeldinga frå landbruksdepartementet.

Saka blir oppdatert

Artikkeltags