Gå til sidens hovedinnhold

Val av brualternativ handlar om meir enn valet mellom 7-ar og 9-ar bane

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Sogn og Fjordane fylkeskunstlag har merka seg striden rundt vegval og ulike verdiar knytt til val av kryssløysing ved tilkopling av bru frå Hafstad til Angedalsvegen.

Sogn og Fjordane fylkeskunstlag støttar vurderingane til Sunnfjord Kunstlag. Fylkeskunstlaget ser at det er ingen av dei aktuelle alternativa, 5 og 7) som fullt ut klarar å ta vare på alle interesser og omsyn i saka. Samtidig meiner vi at det eine alternativet peikar seg ut som det beste alternativet, og vi vil presisere følgjande argument for å velje alternativ 5 som traseval:

1. Alternativet har blitt vurdert som det beste alternativet av fagmiljøet i Førdepakken

2. Alternativet har blitt vurdert av administrasjonen i Førde og blitt tilrådd som løysing (saksutgreiing datert 02.11.20) og som grunnlag for vidare planlegging.

3. Kunstverket Laksen vert bevart og vi vil kunne få ei logisk og naturleg linje for gata, krysset og brua og avkøyring til Festplassen frå rundkøyringa. Kunstverket Laksen har både ei regional og nasjonal rolle som ei stadbunde visualisering av eit sentralt element i Førdes historie. Kunstverket er og den lengste skulpturen i Noreg, og kan av kunstfaglege grunnar ikkje bli flytta for å bli bygd opp att.

4. Kulturhuset i Førde har vore eit nasjonalt førebilete gjennom mange 10 år når det gjeld å ha eit attraktivt og framtidsretta kulturhus. Ved å velje alternativ 5 vil ein ta vare på og kunne vidareutvikle området framfor Førdehuset som eit ope, luftig og tiltalande uteområde.

5. Alternativ 5 tek og vare på andre grunnleggande menneskelege verdiar, som å redusere inngrep i ei verna elveforebygging, mest reduksjon av naturmangfald og gje ei meir logisk løysing som fremjar eit betre landskapsbilete.

6. Kunst og kunstnarane si rolle i samfunnsutviklinga er avgjerande for å skape gode miljø på menneska og naturen sine prinsipp. Førde kommune vil gjennom å ta val om alternativ 5, vise at dei fyrst og fremst ynskjer å ta vare på og vidareutvikle gode menneskelege verdiar for innbyggarane i dag og i framtida.

7. Fylkeskunstlaget har og merka seg ein del av debatten i media, der einskilde grupper kjem med påstandar om «fake news» og populistiske uttalar. Når dei så ikkje ein gong prøver å dokumentere påstandane sine, er det dei sjølve som bidreg til å dra diskusjonen ned på eit usakleg og lite tillitsvekkande nivå. Fylkeskunstlaget ynskjer ikkje å vere ein del av ein slik ikkje sakleg debatt.

8. Fylkeskunstlaget har og merka seg at den same grupperinga som argumenterer med «fake news» også argumenterer sterkt for folkehelse, når valet i deira eigne auge i realiteten står mellom ei 7-ar bane og ei 9-ar bane. At eit slikt val skal ha avgjerande konsekvensar for folkehelsa i Førde, vil dei fleste som har litt innsikt i kva som er dei viktige faktorane for å fremje folkehelsa, være ganske ueinige i. La oss i debatten ikkje bruke vikarierande motiv for å fremje eigne interesser. Vi er mange som er opptekne av det gode liv og å skape eit menneskeleg samfunn. La oss difor ha ein debatt som bidreg til dette og ikkje fører den inn på eit eller fleire sidespor.

Les også

– Førde treng ei vakker gangbru mellom Førdehuset og Hafstadparken

Les også

Kunstnaren: – Kommunen har ikkje utnytta potensialet

Les også

Fekk 1712 underskrifter frå Framtidsførde . – Det markerer slutten på aksjonen

Les også

Ikkje for seint å snu

Les også

Ivar (73) var med og bygde Laksen. No vil han rive han

Les også

– Vi kan ikkje ofre folkehelsa

Les også

Hans Jakob hevdar politikarane bøyer seg for fotballen: – Veldig trist

Kommentarer til denne saken