Gjerland blir sitjande som ordførar

FIRE NYE ÅR: Nils Gjerland held fram som Førde-ordførar med støtte frå blant anna Høgre og Eva Marie Halvorsen (t.h) som etter alt å dømme er Førdes neste varaordførar.

FIRE NYE ÅR: Nils Gjerland held fram som Førde-ordførar med støtte frå blant anna Høgre og Eva Marie Halvorsen (t.h) som etter alt å dømme er Førdes neste varaordførar. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Sp gjekk i forhandlingar med Ap i natt, men Gjerland nekta å avsetje seg sjølv.

DEL

– Slik det ser ut no, blir eg sitjande i fire nye år. Vi gjekk i natt først i drøftingar med Arbeidarpartiet, slik vi hadde lova. Men, når dei tviheldt på at dei skulle ha ordføraren, så var det ikkje aktuelt for meg å avsetje meg sjølv, seier Nils Gjerland til firda.no.

Ikkje-sosialistiske drøftingar

Dermed søkte Senterpartiet samarbeid med dei borgarlege og sentrumspartia i Førde.

– Det har vore drøftingar. Ingen avtale er signert, men vi ser ut til å ha med oss alle partia på ikkje-sosialistisk side. Det gir oss 17 mandat i bystyret, og vi treng 14 for å ha fleirtal.

Mange slengarar

Når finteljinga frå Førde-valet er klar tysdag føremiddag, er det klart at Gjerland også har fått mange personlege røyster frå andre parti sine veljarar.

– Eg har fått 118 slengarar og 289 internkummuleringar. Eg er både audmjuk og taknemmeleg. Vi har gjort eit langt betre val en eg hadde tørt å håpe på. Vi har fått eit godt tillitsvotum. No så mange gir eit slik signal, er det ei sterk oppmoding om å halde fram, seier Førde-ordføraren.

Låg deltaking

Etter gårsdagens val er Ap igjen største parti i Førde, men Gjerland trur ikkje Førde-folk flest vil merke dei store skilnadene.

– I praksis vil det nok bli eit breiare samarbeid, også mot Ap, men vi trengde fleirtalet for å halde på ordførarvervet. Det blir eit nytt bystyre med nye profilar, og eit litt forskjøve styrkeprofil.

Det som derimot er eit lite skår i gleda, er den låge valdeltakinga på berre 57 prosent i Førde.

– Det er i minste laget. Eg har ikkje noko spesiell forklaring på kvifor deltakinga er så låg, seier ordføraren som dei siste fire åra har gjort seg merka som ein velkledd, diktlesande Førde-ambassadør.

Artikkeltags