Gå til sidens hovedinnhold

Vaksinestrategien blir endra – Oslo og andre område med høgt smittetrykk får fleire koronavaksinar

Regjeringa endrar vaksinestrategien og vil skeivfordele vaksinar geografisk til område med høgt smittetrykk.

Endringa er i tråd med tilrådinga frå Folkehelseinstituttet om å ha ei beskjeden skeivfordeling.

Ei slik fordeling inneber at nokre kommunar og bydelar i Oslo skal få 20 prosent meir enn planlagt. Det er område som over tid har vore hardt ramma av pandemien.

– Dette gjeld bydelane Stovner, Grorud, Bjerke, Alna, Gamle Oslo og Søndre Nordstrand, og dessutan kommunane Lørenskog, Sarpsborg, Fredrikstad og Moss, sa helseminister Bent Høie på ein pressekonferanse tysdag.

Behovet blir dekt ved at dei rundt 300 kommunane som har hatt færrast innlagde på sjukehus, får ein reduksjon i talet på vaksinedosar på 3 prosent.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken