HRS: – Observasjonen av båt som sokk var truleg vrakgods

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Hovudredningssentralen Sør-Norge har avslutta søket.

DEL

Redningsskøyta Simrad Buholmen og redningshelikopter har søkt i sjøen mellom Vågsøy og Silda.

Søket vart sett i gang etter at hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS) fekk melding om ein «usikker observasjon av båt som går ned aust av Vågsøy.»

– Det er ein som har ringt til politiet og meiner at ein båt har gått ned mellom Vågsøy og Silda, sa Bjørn Jarle Åmlid ved HRS.

Observasjonen var ifølge Åmlid usikker, fordi innringar sjølv var usikker på kva han hadde sett. Den som melde frå meinte det også kunne vere ein ubåt som dykka, men HRS trudde ikkje det kunne vere ubåt så nær land. Uansett vart det søkt i området i tilfelle ein båt har havarert.

– Vi er litt usikre, men vel å gjere eit søk i området. Om det er ein båt som har gått ned, går vi ut frå å finne vrakrestar, sa Åmlid.

No melder HRS ar søket er avslutta, og at observasjonen truleg var drivgods.

Artikkeltags