Ung mann burna og sladda- då gjekk det gale

DEL

Klokka 02.00 natt til måndag melde ein forbipasserande om ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Deknepollen i Vågsøy kommune.,

Ein varebil låg velta over på sida.

Politi og ambulanse reiste ut og fekk snakka med sjåføren, ein mann i 20- åra, som kom uskadd frå hendinga.

Han vedgjekk då at han hadde drive med burning og sladding, noko som enda gale.

– Han fortalde at han hadde mista kontrollen og at bilen tippa over på sida, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda måndag morgon.

Politiet tok frå mannen førarkortet etter hendinga.



Artikkeltags