Krasja i bilen framfor - blåste 0.7 i promille

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Både slagsmål og promillkøyring prega laurdagsnatta.

DEL

Klokka 02.30 natt til søndag fekk politiet melding om ei påkøyrsle i Raudeberg i Vågsøy kommune. Påkøyrsla skjedde ca. 200 meter frå Spar-butikken i bygda.

– Meldaren hadde blitt køyrd i bakfrå, og syntest at sjåføren oppførte seg påverka, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Då politiet kom på staden, blåste sjåføren like over 0.7 i promille. Sjåføren var ein mann i 30-åra. Han blei tatt inn til blodprøve og dimittert. Sak blir oppretta, seier operasjonsleiaren.

Klokka 02.11 same natta blei det meldt om slagsmål på Måløy brygge. Både politi og ambulanse rykte til staden, kor fleire personar skal ha slåst. Ein av dei involverte fekk eit kutt over auget. Saka blir følgt opp av politiet.

Artikkeltags