Bil tok fyr i Vågsøy

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Ingen personskade.

DEL

Politiet melder om bilbrann i ein personbil i Vågsøy. Brannen skal vere sløkt, og det har ikkje blitt skade på personar.

– Det var ganske uskyldigt, seier operatør Nina Andal i Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Sjåføren av bilen skal ha meldt inn brannen sjølv.

– Det var ei som såg litt røyk under bilen, så såg ho flammer etter ei stund. Brannvesenet kom fram og skumma bilen, og fekk det heile under kontroll, seier Andal.

Sjåføren var den einaste personen i bilen. Brannvesenet har no dratt frå staden, fortel Andal.

Artikkeltags