Tysdag gjekk Vegtrafikksentralen Vest ut med ei oppmoding om å køyre varsamt om ein skulle over Filefjell. Brøytemannskap melde om svært glatte vegar grunna is og nedbør, og det vart glattare og glattare etter kvart som vêret mildna.
Det vart sett i gang arbeid med å strø vegen med sand. Vegen vart halden open, men ein heldt oppe obs-varselet om glatte vegar.
Dette varselet gjeld også onsdag, men som dagen før er vegen open.
– Det er jo slik på desse vegane at ein ikkje skal salte. Det er framleis kaldt og tjukke issolar, seier trafikkoperatør Marius Næss til Firda onsdag morgon.
Det også i dag arbeidd med å gruse, men trafikkoperatøren fortel at dei store nedbørsmengdene også kan vaske vekk grus.
– Men her strør dei med såkalla fastsand, som er oppvarma for å smelte seg ned i solen. Det har dei jobba med sidan kvart over sju, og vi har ikkje fått meldingar om glatte vegar sidan.
Sidan dette er noko som kan utvikle seg, så har Vegtrafikksentralen vald å halde eit aktiv obs-varsel ute.
Glatt vegbane vert det også meldt om på fv. 53 Tyin– Årdal. Her vert det oppmoda om å køyre med kjetting for køyretøy med totalvekt på over 3,5 tonn.
Slik er status for fjellovergangane onsdag morgon:
- E16 Filefjell: Ope. Meldt om glatt veg.
- E134: Ope. Vegarbeid på delar av strekninga. Manuell dirigering.
- Fv. 53 Tyin-Årdal: Ope. Glatt veg på grunn av vêret. Køyretøy med totalvekt på over 3,5 tonn må bruke kjetting.
- Fv. 50 Hol-Aurland: Ope.
- Rv. 15 Strynefjellet: Ope. Vegarbeid på delar av strekninga. Manuel dirigering.
- Rv. 13: Vikafjellet: Ope.
- Rv. 52: Hemsedalsfjellet: Ope.