Gå til sidens hovedinnhold

Uvêret herjar: Hemsedalsfjellet stengt

Fleire fjellovergangar er stengde. Andre har kolonnekøyring.

Statens vegvesen melder kloke før klokka 19.30 at riksveg 52 Hemsdalsfjellet mellom Viken og Vestland er stengt på grunn av uvêr. Ein halvtime seinare vart også Hol-Aurland stengt.

Frå før er det kjent at Vikafjellet, Hardangervidda og Tyin-Årdal er stengt.

Siste oversikt Vegtrafikksentralen Vest la ut var klokka 13.00 i dag. Lista ser slik ut:

Rv 13 Vikafjellet: Stengt, ny vurdering torsdag klokka 12.00

Rv 7 Hardangervidda: Stengt

Rv 52 Hemsedalsfjellet: Stengt

Fv 50 Hol – Aurland: Stengt

Fv 53 Tyin – Årdal: Stengt

E16 Filefjell: Ope

E134 Haukeli: Kolonne

Rv 15 Strynefjell: Ope

Kommentarer til denne saken