Gå til sidens hovedinnhold

Uvêret er i gang: Fleire stengde fjellovergangar

Uvêr held Vikafjellet stengt, det er også Tyin-Årdal.

– Vikafjellet er stengt inntil vidare, seier Albert Sherington ved Vegtrafikksentralen til Firda onsdag morgon.

Han seier Vegvesenet bestemte seg for å stenge vegen rundt klokka halv tre i natt. Grunnen er uvêr.

Litt seinare på onsdagen seier Vegtrafikksentralen at Vikafjellet kjem til å vere stengt fram til torsdag. Dei vil gjere ei ny vurdering torsdag klokka 12.00

Klokka 13 er det innført kolonnekøyring på fleire overgangar. Berre Strynefjellet og Filefjell er heilt ope.

Slik ser lista ut:

Rv 13 Vikafjellet: Stengt, ny vurdrting torsdag klokka 12.00

Rv 7 Hardangervidda: Stengt

Rv 52 Hemsedalfjellet: Kolonne for kjøretøy over 7,5 tonn

Fv 50 Hol - Aurland: Kolonne

Fv 53 Tyin - Årdal: Stengt

E16 Filefjell: Ope

E134 Haukeli: Kolonne

Rv 15 Strynefjell: Ope