Uverdig maktspel i Kinn

UVERDIG: Kai Aage Pedersen meiner det politiske maktspelet i Kinn kommune er uverdig.

UVERDIG: Kai Aage Pedersen meiner det politiske maktspelet i Kinn kommune er uverdig.

DEL

Kommentar 

Kinn kommune (tidlegare Flora og Vågsøy) blir omtalt som Norges raraste kommune. No har eit politisk fleirtal i kommunen, med Arbeidarpartiet, Venstre og Høgre i førarsetet, gjennomført tidenes politiske grisetakling mot ein av sine politikarkollegaer, varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp).

Kongsvik vart vald til varaordførar etter kommunevalet sist haust, og kommunestyret bestemte at vervet skal lønast tilsvarande ei 80 prosent stilling. Men no er det altså ein annan lyd. Den nye politiske konstellasjonen vil styra kommunen på ein måte dei meiner er endå meir framtidsretta, og tek frå Kongsvik mesteparten av løna. Senterpartipolitikaren, som har permisjon frå stillinga si i NAV, skal no lønast tilsvarande 4,5 prosent stilling. No må ho kanskjegåNAV for få pengar til livsopphald.

Konfliktlinjene i Kinn er mange. Blant anna er det i Vågsøy stor skepsis til den nye storkommunen, som har Bremanger liggande som ein enklave midt i kommunen. Høgre, Arbeidarpartiet og Venstre har truleg gode intensjonar når dei no har laga ei ny politisk plattform for å stake ut ein ny kurs. Dei må gjerne også ta eit oppgjer med Senterpartiet, som dei meiner har vore ein dårleg samarbeidspartnar, så langt. Det er ein del av politikken, og slik skal det vere. Men dei går alt for langt når dei ofrar ein politikar på denne måten. Sidsel Kongsvik, som er ny i politikken, blir sparka ut i kulden for å sikre løna til nye utvalsleiarar frå dei tre politiske partia som no har slått seg i lag.

Dette er ei uverdig handling mot Kongsvik. Og vi er svært forundra over at erfarne politikarar som Ola Teigen (Ap), Morten Hagen (H) og Jacob Nødseth (V) kan stå fram og rettferdiggjere dette som framtidsretta handling på Kinn kommune sine vegner. Truleg har dei tre karane sett litt for mange episodar av House of Cards då dei la siste handa på den geniale planen dei presenterte denne veka.

For den ferske varaordføraren frå Senterpartiet vart dette eit svært tøft møte med politikken. Unge kvinner i Kinn, og elles i landet, vil truleg vegre seg mot å engasjere seg politisk, når dei les om det som har skjedd i den ferske kystkommunen. Signaleffekten er sterk: Utan forvarsel kan kvinner som har sagt ja til politiske verv, bli sett på bar bakke, ofra i eit maktspel, regissert av sjølvsikre menn i blazer.

Men spelet er ikkje over. 15 september skal kommunestyret i Kinn ta stilling til den nye politiske plattforma. Då bør politikarane retta opp det som har mangla av politisk gangsyn frå deira fremste tillitsvalde fram til no. Dei må gjerne vedta ei politisk plattform, men varaordføraren må få den løna ho har moralsk rett på.

Nødseth, Teigen og Hagen bør nytte tida fram mot kommunestyremøtet til å evaluere det politiske handverket dei har påført innbyggarane i Kinn i denne saka. – Beklagar Sidsel Kongsvik, hadde vore ei god setning å starte med i kommunestyremøtet.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken