Uvêr stengde Lavik – Oppedal heilt ned

Det vert meldt av Vegtrafikksentralen Vest like over 14.30 laurdag. Frå 15.00 var det normal drift att i sambandet.

DEL

Laurdag var det i ein periode ingen ferjer i drift på ferjestrekket på E39, og det var uvêr som var grunnen, melder Vegtrafikksentralen Vest.

Stengingsmeldinga kom først frå Norled sjølv. Det var då ikkje meldt kor lenge sambandet var venta å vere stengt.

SISTE: Frå klokka 15.00 var det normal drift att i sambandet, melder Nordled.

Trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal fortel at ikkje er ofte dei må stenge ned eit ferjesamband på ein europaveg.

– Det er jammen lenge sidan Lavik – Oppedal var stengt heilt ned, seier han.

I og med at Vegvesenet tidlegare denne laurdagen tilrådde folk å ikkje reise over fjellovergangane, er å køyre tilbake til Voss og Lærdal og deretter å ta Mannheller – Fodnes-ferja einaste alternativ om sambandet er nede.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken