Gå til sidens hovedinnhold

Uvêr på fjellovergangar i Sogn

Uvêr herjar i fjella.

Snøvêr og mykje vind har ført til vanskelege køyreforhold på to fjellovergangar i Sogn.

Statens vegvesen varslar at det kan bli innført kolonnekøyring på fv. 50 Hol-Aurland på grunn av uvêr.

Fv. 53 Tyin-Årdal er heilt stengt og vil ikkje bli opna laurdag. Vegvesenet kjem med ny vurdering klokka 09 søndag morgon.

Les også

Dyrt drivstoff i Norge? Det syntest i alle fall firmaet bak dette tjuvtrikset

Kommentarer til denne saken