Gå til sidens hovedinnhold

Uvêr på fjellovergangane – må berekne 3–4 timars ventetid i kolonne på fv. 50

Dårleg vêr gir utfordringar på fleire fjellovergangar søndag kveld.

Vegtrafikksentralen melder like etter klokka 17.00 at det kan bli ein del ventetid på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland.

– Det er krevjande køyreforhold på grunn av sterk vind og mykje nedbør, seier trafikkoperatør Idar Sangolt til Firda.

Det er kolonnekøyring over fjellovergangen, og per no står det om lag 80–90 bilar i bilkø som ventar på å kome seg vidare. Vegvesenet seier at ein må berekne 3–4 timars ventetid på kolonne.

– Ein tek med seg maks 25 bilar i slengen. Dette for at ein skal kunne evakuere lettare dersom nokon skulle køyre seg fast, seier han.

– Filefjellet er opent

Det er også kolonnekøyring over Haukelifjell og over Hemsedalsfjellet.

– Men det er litt betre forhold over Hemsedalsfjellet, så det går litt raskare der. Men blir vêrforholda verre, kan det bli maks 25 bilar i kvar kolonne der òg, seier Sangolt.

Fleire fjellovergangar er stengde, og det er uvisst kor tid desse vil opne att. Dette gjeld mellom anna fv. 53 over Tyin-Årdal, rv. 15 over Strynefjellet og rv. 7 over Hardangervidda.

– Det er eigentleg berre E16 over Filefjell som er heilt open. Eg anbefaler difor folk om å køyre over der. Det er også førebels mindre ventetid over Hemsedalsfjellet enn det er over Hol-Aurland.

Firda oppdaterer saka.

Kommentarer til denne saken