Gå til sidens hovedinnhold

Uvêr i fjellet: Fleire fjellovergangar stengde

Artikkelen er over 1 år gammel

Statens vegvesen melder at riksveg 13 over Vikafjellet er stengt, og ikkje blir opna i dag. Det skal vere ny vurdering tysdag klokka 10.00.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland er også stengt. Heller ikkje den blir opna før tidlegast tysdag. Der skal det gjerast ny vurdering klokka 16.00.

Riksveg 7 over Hardangervidda er også stengt måndag føremiddag.

Klokka 11.00 blei også fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal stengt på grunn av uvêr, men vart opna igjen ein time seinare.

Då var det ope ein time. Klokka 13.00 vart vegen stengt igjen på grunn av oppryddingsarbeid. Vegen er venta opna igjen klokka 15.00.

Kommentarer til denne saken