Politiet melder om uvanleg mange søk etter hjort natt til fredag.

– Det er meldt inn om sju søk etter hjort frå viltnemnda i natt, seier Joachim Malterud, innsatsleiar i Sunnfjord.

Han seier at søka kjem som følge av påkøyrsel eller i jakt-samanheng.

Natt til fredag vart det også meldt om tre hjortepåkøyrslar i området, så ein bør vere ekstra oppmerksam om ein skal ut å køyre på nattetid.