Gå til sidens hovedinnhold

Uvaksinerte helsearbeidarar kan bli omplasserte

Regjeringa opnar for at arbeidsgivarar kan omplassere uvaksinert helsepersonell.

– I helsetenesta er det mogleg for arbeidsgivar å til dømes seie til ein tilsett som ikkje er vaksinert, at dei ikkje kan jobbe med bestemte pasientgrupper, seier helseminister Bent Høie (H) til Dagsavisen.

Ifølge Høie har ikkje Noreg nokon generelle tiltak i møte med vaksinemotstandarar i Noreg, og omplasseringa av tilsette gjeld for alle vaksinar, ikkje berre koronavaksinen:

– Arbeidsgivar har større moglegheit til å omdisponere tilsette i helsetenesta enn det ein har elles i arbeidslivet, basert på kva vaksinar ein har teke. Dette er ikkje berre knytt til koronavaksinen, men også til andre vaksinar.

Norsk Sykepleierforbund meiner at ei slik omplassering ikkje er noko kontroversielt.

– Vi synest ikkje det er noko kontroversielt at arbeidsgivar med grunngiving i pasienttryggleik omplasserer helsepersonell som ikkje er vaksinerte til å jobbe med andre pasientgrupper eller andre oppgåver, seier Kai Øivind Brenden, 2. nestleiar i forbundet.

Han understrekar samtidig det kan variere med kva type pasientar ein har ansvar for.

(©NPK)

Les også

Askvoll-ordføraren: – Vi får krysse fingrane for at dette ikkje medfører smitte

Les også

Høie: Trygt for lærarar å undervise med berre éin vaksinedose

Les også

Delta-bekymring: Gjenopninga av Noreg blir utsett

Kommentarer til denne saken