Slik er siste status på fjellovergangane fredag klokka 21.20:

Rv. 13 Vikafjellet: Stengd.

E134 Haukeli: Kolonne.

E16 Filefjell: Open.

Rv. 52 Hemsedal: Styrt trafikkavvikling: Ingen restriksjonar på tal bilar i kolonna.

Rv. 7 Hardangervidda: Stengd. Ny vurdering 31. desember klokka 12.00.

Rv. 15 Strynefjell: Open.

Fv. 50 Aurland-Hol: Stengd. Ny vurdering 31. desember klokka 12.00.

Fv. 53 Årdal-Tyin: Stengd.

Også ekspressbåten frå Selje til Bergen har problem med vêrforholda. Båten er venta å vere i Bergen 15 minutt etter vanleg rutetid.


Gult farevarsel fredag

Frå før har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel for Vestlandet. Dette varselet kom torsdag, og gjeld frå 13.00 fredag fram til 01.00 nyttårsaftan.

– Regnet er venta som snø over ca. 400 meter, og utover dagen over 800 meter. Lokalt kan det kome 60 millimeter på 12 timar, skreiv Meteorologene på Twitter.

For våre område vil lågtrykket treffe om lag klokka 15.00 fredag

– Då vil snøgrensa stige frå 400 til 600-800 meter. Det er venta mykje regn, sa vakthavande meteorolog Dina Stabell til Firda torsdag.

Ho gjer også merksam på at det også er meldt om eit temperaturfall, og at dette kan føre til glatte vegar laurdag.

Nytt farevarsel: Fredag skal det bøtte ned