– Vi tek grep for å redusere luse- og miljøutfordringar frå oppdrettsnæringa.

Det seier eigar og leiar Erik Jarle Osland i Osland Havbruk til Firda.

Verksemda har teikna kontrakt om bygging av eit nytt setjefiskanlegg på Sørebø ved Søreide i Høyanger kommune.

Det melder Osland Havbruk i ei pressemelding.

Osland Havbruk AS kjøpte settefiskanlegget på Sørebø av Marine Harvest i 2011. Anlegget har per i dag konsesjon for produksjon av 2,5 millionar laksesmoltar. Etter utbygginga vert kapasiteten dobla.

Miljøtiltak

– Planen er å produsere stor smolt for å korte ned veksttida i sjøen, seier Erik Jarle Osland i pressemeldinga.

Osland Havbruk har i fleire år testa ut å produsere større smolt på land slik at veksttida i sjøen vert kortare.

– Det landbaserte smoltanlegget vi skal byggje vil for ein stor del resirkulere produksjonsvatnet, noko som vil gje oss økonomiske fordelar samstundes som det vil vere til fordel for miljøet, skriv Osland.

Mindre lus og rømming

Ifølgje pressemeldinga vil strategien med å setje ut større smolt korte med produksjonstida i sjøen frå dagens 15–20 månadar til ned mot 10–14 månader. – Kortare produksjonstid er kortare eksponeringstid. Det vil i praksis seie færre avlusingar og mindre fare for rømming. Ein annan fordel er at vi òg kan brakkleggje lokalitetane i lengre tid enn i dag, seier Osland.

Kjøper yngel

Osland Havbruk har per i dag ikkje eige klekkeri, men kjøper yngel når den er mellom 10 og 30 gram.

– Tradisjonelt har vi fôra yngelen til den er mellom 70 og 150 gram før utsett i sjø. No skal vi fôre til den får ei vekt på mellom 100 og 250 gram før utsett i sjø. Vi kunne godt tenkt oss å fôra smolten på land til den vert endå større, og det er mogeleg å søkje styresmaktene om dispensasjon for det, seier Osland som meiner det er rett veg å gå å ha fisken lengst mogeleg på land.

Kan doble tal tilsette

«Nye Osland Settefisk» har ei investeringsramme på 50 millionar kroner, og skal etter planen stå ferdig ved årsskiftet 2015 – 2016. Dersom kapasiteten ved anlegget vert utnytta, vil tal tilsette kunne auke frå 5–6 årsverk til 10 årsverk.

Trass i utfordringane næringa slit med ser ikkje Osland føre seg at alt oppdrett vert flytta på land.

– Men eg har stor tru at ny teknologi kan redusere problema bransjen påfører miljøet, slik at fotavtrykket vårt vert mindre, avsluttar Erik Jarle Osland.