Utsettingane har vore mange – no er det klart korleis opprykkskampane blir

NY SJANSE: Sogndal skal i elden 22. desember, men kven dei då møter står det att å sjå. Her er sogndals Per-Magnus Steiring i lufta under siste kvalifiseringskamp til Eliteserien i 2018. Går det betre no i år?

NY SJANSE: Sogndal skal i elden 22. desember, men kven dei då møter står det att å sjå. Her er sogndals Per-Magnus Steiring i lufta under siste kvalifiseringskamp til Eliteserien i 2018. Går det betre no i år? Foto:

Korleis blir kvailifiseringskampane til Eliteserien for Sogndal og rivalane? Det er no klart.

DEL

På Obosligaens heimesider er det no lagt ut eit ferdig oppsett over korleis dei fire kvalikkampane om opprykk til Eliteserien skal spelast.

Oppsettet er no klart etter fleire utsettingar og endringar i haust, primært grunna smitte og tilhøyrande karantenetid. og med datoane på plass er det no klart at Sogndal skal ut i sin første kamp 22. desember. Kven dei møter er avhengig av kven som er sterkast av Åsane, Raufoss og Ranheim.

Oppsettet er no som dette:

Kamp 1: 16. desember. Åsane – Raufoss, kl. 1600 i Vestlandshallen.

Kamp 2: 19. desember. Ranheim – vinner kamp 1, kl. 13:00 EXTRA Arena.

Kamp 3: 22. desember. Sogndal – vinner kamp 2, kl. 13:00 Fosshaugane Campus.

Kamp 4: 28. desember. Nr. 14 i Eliteserien – Vinner kamp 3, kl. 17:00 Intility arena.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken