Det kjem fram i ei pressemelding torsdag.
Før jul vart det kjent at det gamle styret, med festivalsjef Viggo Randal i spissen, skulle gje seg. Til Bergensavisen sa Randal at det var fleire ting som låg bak avgjersla om å gje seg etter 12 år i styret.
– Ei av årsakane er at eg har ein sambuar som nettopp er ferdig med kreftbehandling. I tillegg har eg oppdaga at det er mogleg å ha ein sommar utan å springe hit og dit som ein galning. Det set ting litt i perspektiv, sa han.
No er derimot eit nytt styre klart. Det består av:
- Jon Gunnar Kviebakk (fødd i 1975).
- Lina Braanaas Utne (fødd i 1987).
- Nicolai Berg-Arnesen (fødd 1987).
- Terje Birknes (fødd 1989).
- Trude Birknes Pedersen (fødd 1986).
- Hanne Svalholm Misje (fødd 1988).
Alle har tilknytning til ytre Gulen og festivalen.
– Vi gler oss til å ta fatt på eit nytt kapittel i Utkant si historie, står det i pressemeldinga.
Som dei fleste andre festivalar, måtte Utkant 2020 avlysast grunna pandemien. Førebels er det ikkje kome nokre signal frå styresmaktene om korleis årets festivalsommar vil bli.
I mellomtida kan du mimre tilbake til festivalen i 2019:

Utkant dag 1: Ser du nokon du kjenner?

BILDESERIE: Utkant dag 2: Festivallivet på dagtid

Kommentarer til denne saken