Då Kristin Gjelsvik begynte i Firda, var kopimaskin, saks og lim blant dei viktigaste arbeidsverktøya. Det er langt frå dagens arbeidskvardag i designbyrået Findriv.

– Vi teikna annonsane for hand. Den gongen var det snakk om å kopiere, klippe, lime, lage layout med å skissere tekst, teipe på bilde og logoar. Det var uhorveleg mange turar fram og tilbake til kopimaskina for å lage ein annonse. For ikkje å snakke om at det gjekk med metervis med teip, seier Kristin Gjelsvik.

I 1995 begynte ho som teiknar i Firda. I dag er Gjelsvik grafisk designar og ein av fire tilsette i Findriv, reklamebyrået som også driv med arrangement.

– Det som driv oss er vel at vi brenn for god design og godt innhald. I tillegg til engasjement for å skape positiv aktivitet med arrangementa vi er med og lagar, seier Gjelsvik.

Frå krisestemning til nye vegar

Medan eigaren Firda feirar 100, fyller Findriv seks år som eige selskap. Det heile starta med at dåverande dagleg leiar i Firda, Rolf Årdal, spurte om Tom Farsund ville vere med i eit selskap for å drive vidare arrangementsverksemda som hadde vore i Førde før.

– Tanken var at eg og vi skulle drive med arrangement i Førde og indre Sunnfjord. Samtidig bygde Firda ned kapasiteten innan ulike tenester. Dermed kom to grafiske designarar over hit då vi starta opp, seier dagleg leiar Tom Farsund.

I FINT DRIV: Dagleg leiar Tom Farsund, grafisk designar Wenche Takle, tekstforfattar Kristine Slettehaug og grafisk designar Kristin Gjelsvik. I april har Kristine Slettehaug vore her i to år. – Eg vil seie det er folkeleg og høgt under taket her. Vi jobbar for at det skal vere låg terskel for å ta kontakt med oss, seier ho.
I FINT DRIV: Dagleg leiar Tom Farsund, grafisk designar Wenche Takle, tekstforfattar Kristine Slettehaug og grafisk designar Kristin Gjelsvik. I april har Kristine Slettehaug vore her i to år. – Eg vil seie det er folkeleg og høgt under taket her. Vi jobbar for at det skal vere låg terskel for å ta kontakt med oss, seier ho. (FOTO: )

På kort tid gjekk grafikarane frå å vere den største gruppa på Firda-huset, til å bli råka av storstilt nedbemanning då mykje av annonseproduksjonen i Amedia blei sentralisert.

– Det var litt krisestemning. For å redde oss kom ideen om at vi skulle vere ein del av eit nytt kapittel for å behalde trykksak-biten på huset, seier Wenche Takle, som også er grafisk designar i Findriv.

Blåste bobler for idear

Då Findriv starta våren 2012, blei heile Firda-huset kalla inn til idemyldring.

– Vi kjøpte inn ein haug med tyggisar. Tanken var at vi skulle sitte og blåse bobler, og la ideane flyte. Og det gjorde dei. Etterpå samla Wenche og eg trådane, og kokte det ned til namnet «Findriv», fortel Gjelsvik.

FØR: Då Kristin Gjelsvik begynte teikna dei annonsene for hand. – Vi kopierte for å få ting i rett størrelse, laga layout med å skissere tekst og teipe på bilde og logo. Då vi begynte å lage grafikk på data følte eg meg ganske hjelpeslaus. Eg fekk berre lyst å ta blyanten fatt. Det er ganske stor kontrast til dagens heildigitale kvardag, seier Gjelsvik. Her frå annonsesider i Firda for Valaker AS.
FØR: Då Kristin Gjelsvik begynte teikna dei annonsene for hand. – Vi kopierte for å få ting i rett størrelse, laga layout med å skissere tekst og teipe på bilde og logo. Då vi begynte å lage grafikk på data følte eg meg ganske hjelpeslaus. Eg fekk berre lyst å ta blyanten fatt. Det er ganske stor kontrast til dagens heildigitale kvardag, seier Gjelsvik. Her frå annonsesider i Firda for Valaker AS. (FOTO: )

Hovudsakleg jobbar reklamebyrået med å hjelpe kundar med å bygge merkevare og visuell identitet, anten det er gjennom profilutvikling, kampanjar eller anna.

– Vi elskar papirprodukta, men også den nye digitale kvardagen. Det har skjedd vanvettig mykje i løpet av dei 20 åra eg har vore i bransjen. Og det er klart det er krevjande å heile vegen halde seg oppdatert, men vi brenn for faget og då er det kjekt, seier Gjelsvik.

Med ein kreativ jobb kan det vere utfordrande å få folk til å forstå jobben som ligg bak det å lage til dømes ein profil for ei bedrift.

– Det er utfordrande å få kundar til å forstå kor viktig visuell kommunikasjon er for ei merkevare. Det kan bety alt for korleis folk oppfattar deg. Det er ikkje alltid folk forstår kva vi brukar tida på, men kundane er nøgde til slutt. Når dei ser resultatet er det lettare å forstå, seier tekstforfattar Kristine Slettehaug.

Sjauing og joggedress

Sidan oppstarten har Findriv blant anna vore med og skapt Førde Opp og Jølster Aurefest. Kombinasjonen av å lage grafisk design og reklame, og å rigge sjølve arrangementa gir ein variert kvardag.

– Vi jobbar jo mest framfor datamaskina, men vi har også plukka bananskal på Hafstadfjellet etter Førde Opp, og rigga scene til DumDum Boys-konsert. Akkurat den konserten gjekk ikkje så bra, men vi har jammen hatt det mykje moro. Det har vore mykje sjauing, seier Takle, medan Gjelsvik nikkar.

EM i vektløfting i 2016 er hittil største jobben Findriv har hatt, både målt i pengar og timar.

– Festkjolen på banketten kunne vi lagt att heime, då. Det forstod vi når dei russiske vektløftarane framleis gjekk i joggedress med løftedrakt under, og sette heimebrygg på bordet i 1,5 liters-flasker. Då forstod vi at festen ikkje var så stiv, seier Takle med eit smil.

Dei skildrar arbeidet som meir enn ein jobb.

– Det er noko med å skape ting i lag. Det driv oss, seier Takle.