Gå til sidens hovedinnhold

Utforkøyring i Hyllestad – mistenker promille

Naudetatane rykte ut til ei singelulykke i Hyllestad torsdag kveld.

Klokka 23.48 torsdag fekk politiet melding om at det hadde vore ei trafikkulykke i Skifjorden i Hyllestad. Ulykka skjedde i ei 80-sone.

Éin bil var involvert. Føraren, som er ein mann i 40-åra, hadde køyrt i ein fjellknaus.

– Det var ingen røyk, og heller ingen airbag. Bilen blei henta av Viking, då det var nokre materielle skader i front, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Kolltveit fortel at det ikkje var alvorleg personskade, men førar blei sett til av helse.

– Han hadde eit kutt i hovudet og blod på olbogen, så han har sikkert fått seg ein trykk i forbinding med samanstøyten. Ifølge helse, som kontrollerte han på staden, står han fram som uskadd.

Politiet har mistanke om promillekøyring, og tok blodprøve av førar.

– Førar fekk førarkortet sitt beslaglagt, som er vanleg i slike saker, seier Kolltveit.

Det har blitt oppretta sak.