– Eg er utruleg skuffa over regjeringa. Dumping i Førdefjorden er etter mi meining uakseptabelt. Dette vil føre til konsekvensar. For dei generasjonane som kjem etter oss, seier leiar i Unge Venstre i Sogn og Fjordane, Daniel Gangeskar etter at det blei klart at regjeringa seier ja til fjorddeponi.

Utfordrar AP

Han utfordrar Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane i denne saka.

– Slik det er blitt no er dei eigentleg siste håp. Tek dei opp saka på landsmøtet i Ap, og går for at Stortinget skal sjå på saka, så kan det bli omkamp, seier Gangeskar.

Han seier at dette er Ap sin sjanse om dei meiner noko med å bli eit miljøparti.

Russisk rullett med framtida

Per i dag er det fem land i verda som tillet fjordeponi. I tillegg til Norge er det Tyrkia, Chile, Indonesia og Papaya de Guinea. Det er ikkje land vi vil samanlikne oss med. Tyrkia og Indonesia jobbar for å slutte med sjødeponi, seier Gangeskar.

Han meiner det regjeringa no gjer er å spele russisk rullett med framtida.

– Det er no ein gong slik at dersom det blir tillatt i ein fjord, så kjem andre etter. Det fryktar vi, seier den unge venstreleiaren.