Ser i Firda 24/11 at Ingunn Kandal påstår at Raudt er for fred. Det kan nok stemme, men det Raudt ikkje innser er at skal ein ha fred så må ein og ha fridom. Ein fred på Russland sine premiss vil gjerne Ukraina til ein slavestat under russisk overherredøme. I tillegg vil ein slik fred utsette dei andre nabolanda til Russland for faren for at Putin sitt regime bestemme seg for at vi treng enda meir land.

Og hugs Norge er eit naboland til Russland. Fred er dyrbart og i dagens Europa er det dessverre mange som ikkje får bu i fred. Dette gjeld og i mange andre land i verda, men når krigen plutselig er blant vore naboland blir det nært. Og av og til må ein sloss for å få fred. Og uten våpen vil ein fort tape ein slik krig som Russland starta i Ukraina. Dei ukrainske soldatene som sloss mot Russland dei sloss først og fremst for sin fridom og fred, men dei sloss og for vår fridom og fred. Det må vi aldri gløyme.

Dei våpen vi gir Ukraina er med på å skape ein fred som Ukraina kan leve med. Uten dei våpen ville store delar av Ukraina i dag vore okkupert av Russland og deira leigesoldatar. Vi har alle sett dei grusomme bilda av torturerte og drepte i områda som har blitt frigjorde av ukrainske styrker. Det er bilde eg trudde vi skulle sleppe å sjå i frå Europa i 2023.

Slava Ukraina!

Ueinige om våpenstøtte til Ukraina: – Det blir for dumt

Les også

Raudt er for fred!

Les også

Politikken til Raudt ville gjort det enkelt for Putin