Den 24. oktober vart ein mann redda med helikopter og flogen til sjukehus med skotskadar etter at hagla hans gjekk av ved eit uhell. Uhellet skjedde på ein jakttur på fjellet Blåfjell, som ligg mellom Innvik og Utvik. Skotet trefte han i m.a. låret og brystet.

Han er no utskriven frå sjukehus, melder bt.no, som har snakka med lokalt politi.

Politioverbetjent Vidar Stavik seier til nettstaden at dei no vil få avhøyrt mannen.