Heller ikkje i denne tredje runden vil lærarane ramme barnetrinnet eller barnehagane. Alle lærarar i streik frå måndag 29. august jobbar i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule, melder TV 2.

– Lærarhjarta våre blør når elevane blir ramma av denne konflikten. Men dei blir ramma hardare når dei ikkje får lærarar som er utdanna til denne viktige og krevjande jobben, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

Fagforbundet til lærarane i kommunesektoren braut meklinga i lønnsoppgjeret, mange timar på overtid. Då var det klart at dei ikkje nådde fram med lønnskrava sine. Streiken har formelt vart sidan før sommaren, men det er først no etter skulestart at den verkeleg gjer seg gjeldande.

Ingen skular i Sogn og Fjordane vil bli råka denne gong.