12 studentar utestengde frå Høgskulen på Vestlandet

OVER 200 STUDENTAR: For tida står 207 studentar i registeret over dei som er utestengde frå norske univeristet og høgskular.

OVER 200 STUDENTAR: For tida står 207 studentar i registeret over dei som er utestengde frå norske univeristet og høgskular. Foto:

Av

For tida står 207 studentar i registeret over dei som er utestengde frå norske universitet og høgskular for fusk, falske vitnemål eller farleg åtferd. 12 studentar er tilknytt Høgskulen på Vestlandet.

DEL

Universitetet i Tromsø har flest utestengde, med 30 studentar per 2. mars, viser ein gjennomgang universitetsavisa Khrono har gjort. Ni universitet og høgskular har færre enn fem studentar i fellesregisteret RUST – Register for utestengde studentar – som vart tatt i bruk i 2014.

Studentar kan utestengast i maks tre år, og når utestenginga er over, blir alle data sletta. Grunnar til å bli utestengd inkluderer falske vitnemål og fusk. Farleg åtferd eller brot på teieplikt kan òg føre til utestenging, i tillegg til at ein kan bli utestengd etter ei skikketheitsvurdering.

Leiar Håkon Randgaard Mikalsen i Norsk studentorganisasjon (NSO) er ikkje overraska over at det føregår fusk og vitnemålsjuks, med tanke på at det er nesten 300.000 studentar i Noreg.

175 av dei som er utestengde, er tatt for juks, medan berre 16 er funne uskikka for yrket utdanninga fører til.

– 16 er lågt, og sannsynlegvis for få, seier Mikalsen, og legg til at det nok heng saman med at uskikka studentar heller blir rettleidd ut av studiane, enn at det blir fremma sak for skikketheitsnemnda.

Artikkeltags