Søknaden til folkehøgskulane større enn nokon gong

Det er ingen fast søknadsfrist til folkehøgskulane, men det kan likevel løna seg å vera tidleg ute. Opptaket startar nemleg 1. februar. Deretter er det rullerande opptak så lenge det finst ledige plassar på den enkelte linje eller skule.

Det er ingen fast søknadsfrist til folkehøgskulane, men det kan likevel løna seg å vera tidleg ute. Opptaket startar nemleg 1. februar. Deretter er det rullerande opptak så lenge det finst ledige plassar på den enkelte linje eller skule. Foto:

Av

UTDANNING: Å gå på folkehøgskule er i vinden som aldri før. Så langt i år er søkjartalet over 20 prosent høgare enn i fjor.

DEL

– Søndag kveld var talet på søknader totalt 6.960, mot 5.760 på same tid i fjor. Det vil seia at vi så langt i år har fått inn 1.200 fleire søknader samanlikna med fjoråret, seier informasjonsrådgjevar for Folkehøgskolane Marit Asheim til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner dette viser at det ikkje er tvil om at det er populært å gå på folkehøgskule.

– Meir enn nokon gong viser ungdommen at dei har behov for eit pusterom etter vidaregåande skule, før dei går vidare med andre studium, utdjupar ho i ei pressemelding.

– Tydeleg signal

Generelt har elevtalet til folkehøgskule dei siste femten åra vore stigande, og talet på elevar er i dag 20 prosent høgare enn for ti år sidan. Til hausten blir også talet på folkehøgskular utvida med to ny skular. Då opnar Evje folkehøgskule og Svalbard folkehøgskule.

Asheim meiner årsaka til veksten er samansett, men at det første og fremst er eit tydeleg signal til resten av skule-noreg.

– Stadig fleire av elevane våre fortel at dei er slitne etter karakterpress på vidaregåande. Sjølv når dei er sikre på vidare utdanningsval, treng dei rom for å senka skuldrene og bli tryggare på seg sjølv. Dette finn dei på folkehøgskulen, seier ho.

Artikkeltags