Karina tek eit år i Senegal

FLEIRSPRÅKLEG: Etter to år på internasjonal engelskspråkleg skule i Italia, må Karina Lisboa Båsund (18) iblandt tenkte seg om før ho kjem på det norske ordet.

FLEIRSPRÅKLEG: Etter to år på internasjonal engelskspråkleg skule i Italia, må Karina Lisboa Båsund (18) iblandt tenkte seg om før ho kjem på det norske ordet. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Karina (18) går frå UWC-skule i Italia med medelevar frå 80 nasjonar, til friår i Senegal utan internett og innlagt vatn.

DEL

– Eg hadde lyst å komme eg vekk frå Førde og oppleve noko litt annleis. Men etter kvart som eg gjekk vidare i intervjuprosessen, innsåg eg at eg også likte bodskapet til UWC veldig godt, fortel Karina Lisboa Båsund (18) om kvifor ho enda opp med å ta eit toårig utdanningsopplegg på ein internasjonal UWC-skule i Italia.

UWC eller «United World College» vart stifta i 1962, inspirert av korleis verdsleiarar kom saman for å forsøke å slutte fred under den kalde krigen. Ideen var at slike møte med framande menneske og kulturar allereie i ungdommen, ville gjere verda til ein fredelegare og meir forståelsesfull  stad. I dag har UWC internatskular i over 16 forskjellige land, og utdanninga dei tilbyr er høgt anerkjend på internasjonalt nivå.

Palestinakonflikten til lunch

– Det er for eksempel veldig rart å bu på same rom med nokon frå eit land som ditt eige land er i konflikt med, fordi konflikten vert plutseleg så menneskeleg. Det var fantastisk å sjå at ein frå Palestina og ein frå Israel kunne ete lunch saman og diskutere konflikten mellom landa sine på ein roleg måte, seier Karina.

Allereie før åra på UWC var samfunnsinteressa hennar stor, og ho var aktiv i både idrett, kunst og ungdomspolitikk. Til hausten tar ho samfunnsinteressa til nye kontinent. Gjennom organisasjonen «Global Citizen Year» drar ho til Senegal i vest-Afrika. Her skal ho bu i med ein vertsfamilie i åtte månader, og er førebudd på uvande leveforhold.

– Eg veit endå ikkje kor eg skal, men det er stor sosial og økonomisk forskjell mellom vertsfamiliane i landet. Eg veit det blir tre måltid om dagen, men eg kan ikkje rekne med straum, rennande vatn eller internett.

Afrika meir enn elende

– Til å begynne med var mor mi veldig skeptisk. Bildet ho hadde av Afrika var av svoltkatastrofer, tortur, diktatorar, naturkatastrofar og krig. Men eg skjønner det godt, ettersom det er den historia vi stort sett vert servert av media. Faktisk er Senegal eit av dei mest stabile landa på kontinentet, og med demokratisk styring.

I tillegg til at ho skal skrive månadlege blogginnlegg under opphaldet, skal Karina jobbe med lokale samfunnsprosjekt. Desse går gjerne ut på enkle ting som planting av tre, opplæring i førstehjelp, seksualundervisning og såkalla mikrofinansieringa, men dei gjer ein stor forskjell for lokalbefolkninga.

Gjennom UWC og møte med menneske frå både verdas rikaste og fattigaste land, har ho blant anna fatta interesse for økonomi og globale konfliktar. Ho er likevel ikkje sikker på kva ho har lyst å studere vidare, og då er eit friår midt i blinken.

– Eventyrlysta er stor hos mange unge i dag. Men å feriere på ein stad er noko heilt anna enn å oppleve kvardagen der. Du får ei heilt anna forståing for korleis ting er, og det ser eg fram til.

Artikkeltags