164 studentar fekk feil beskjed om skuleplass – klagene er avslått

Fleire har klaga då dei fekk feil beskjed om studieplass ved denne høgskulen.

Fleire har klaga då dei fekk feil beskjed om studieplass ved denne høgskulen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire av dei 164 søkarane som blei lurt av ein tastefeil på opptakskontoret, har send inn klage til høgskulen. Men til inga nytte.

DEL

Klagenemnda ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har vedteke at klagene på tilbaketrekking av tilbod til studieplass, ikkje blir tekne til følge. Det kjem fram i ei pressemelding frå høgskulen.

Laurdag 30. juli fekk søkarar til studiet Sosialt arbeid beskjed både på e-post og på SMS om at det hadde komme inn på studiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. To dagar etterpå kom det derimot ei kontramelding frå Samordna opptak. Ved opptakskontoret hadde det skjedd ein tastefeil som straks hadde blitt retta på, men som hadde resultert i at heile ventelista til dette studiet fekk tilbod om plass.

Det var VG som først skreiv om saka.

Motteke fleire klager

Ifølge pressemeldinga skal fleire av dei 164 søkarane som fekk feilmelding, ha sendt inn klage.

Samordna opptak melder at høgskulen ikkje var godt nok kjend med varslinga av slike feilgrep, og at høgskulen heller ikkje fekk noko varsel for konsekvensen av ein slik tastefeil, står det i pressemeldinga.

Klagenemnda understrekar i pressemeldinga at det ikkje vart gjort vedtak om tildeling av studieplass til klagarane ved det organet som har kompetanse til å gjere slike vedtak.

Gjev ikkje rett på studieplass

Sjølv om meldinga om tilbod kan ha sett ekte ut for søkarane, gjev den ikkje rett til studieplass ettersom den kom som følge av ein systemfeil i eit elektronisk system, meiner klagenemnda.

– Meldinga med tilbod om studieplass må rettsleg reknast som ein nullitet, som ikkje gjev nokon rett til studieplass. Slik sett må underrettinga frå høgskulen om tilbaketrekking av tilbod, reknast som ei konstatering av at det ikkje er gjort vedtak med tilbod om studieplass, skriv Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dei seier seg også svært lei for feilen og konsekvensane den har hatt for den enkelte.

Artikkeltags