Fylket held fram med gode skuleresultat

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner Sogn og Fjordane er aktive skuleeigarar (arkivfoto).

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner Sogn og Fjordane er aktive skuleeigarar (arkivfoto). Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Resultata frå nasjonale prøver syner at elevane ved 8. trinn i Gulen og Sogndal er best på lesing, medan Høyanger og Gulen kommune er best på rekning. Elevane i Naustdal scorer dårligst på begge.

DEL

Dei nasjonale prøvene frå 8. trinn syner at skulane i Sogn og Fjordane framleis har flinke elevar. Resultatet frå prøvene hausten 2015 viser at Gulen og Sogndal kommune er best på lesing, og Høyanger og Gulen kommune er best på rekning.

Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Satsar på læring

Elevane i Gulen og Sogndal fekk i snitt 54 poeng på den nasjonale prøven i lesing, medan 8. klassingene i Leikanger, Fjaler, Naustdal og Bremanger fekk 47 poeng. Naustdal kommune scora lågast på rekning, og i tillegg lågast på lesing, i lag med Bremanger, Fjaler og Leikanger kommune.

– Generelt ser vi at Sogn og Fjordane er eit fylke der kommunane er aktive skuleeigarar, og satsar på elevar sin læring. Det er derfor spennande å følge utviklinga nettopp i dette fylket, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Store sprik

Det er store forskjellar mellom kommunar når det kjem til kor godt elevane les i 8. klasse på ungdomsskulen. Det er også store sprik i elevane sine rekneevner på 8. trinn. I kommunane Høyanger og Jølster fekk elevane på 8. trinn i snitt 55 poeng på den nasjonale prøven i rekning, der Naustdal kommune altså berre fekk 47.

– Det er i dag altfor store forskjellar mellom kommunar og skuler når det gjelder kor mykje elevane lærer. Vi veit at det er samanheng mellom elevanes sosioøkonomiske bakgrunn og deira skuleprestasjonar, men dette kan likevel berre forklare ein liten del av forskjellane, seier Røe Isaksen.

Regjeringa opplyser at dei no vil vurdere om det bør innførast ein minstestandard for kva elevane skal lære på skulen. I tillegg til nasjonale prøver og eksamensresultat vil det vere aktuelt å sjå på læringsmiljø, spesialundervisning og fleire andre faktorar, skriv kunnskapsdepartementet i pressemeldinga.

Heile oversikta over resultata:

LESING REKNING 
KommunePoengKommunePoeng
Solund kommune*Balestrand kommune*
Balestrand kommune*Fjaler kommune*
Gulen kommune54Høyanger kommune55
Sogndal kommune54Jølster kommune55
Askvoll kommune53Sogndal kommune54
Høyanger kommune52Lærdal kommune54
Gaular kommune52Hyllestad kommune53
Jølster kommune51Askvoll kommune53
Selje kommune51Førde kommune53
Hyllestad kommune50Gulen kommune52
Vik kommune50Vik kommune52
Førde kommune50Aurland kommune52
Aurland kommune49Årdal kommune52
Lærdal kommune49Stryn kommune52
Årdal kommune49Luster kommune51
Luster kommune49Gaular kommune51
Eid kommune49Bremanger kommune51
Stryn kommune49Eid kommune50
Flora kommune48Flora kommune49
Vågsøy kommune48Vågsøy kommune49
Hornindal kommune48Selje kommune49
Gloppen kommune48Gloppen kommune49
Leikanger kommune47Solund kommune48
Fjaler kommune47Leikanger kommune48
Naustdal kommune47Hornindal kommune48
Bremanger kommune47Naustdal kommune47
    
*Færre enn 10 elevar   

Artikkeltags