Rekordmange gjer som Katrin (16) og Solveig (17)

Katrin (t.v) var ikkje redd for eit år vekke frå trygge Førde. Solveig synast tanken på eit heilt år var skummelt: - Men det var egentlig ikkje før på flyet at det gjekk opp for meg kva eg skulle.

Katrin (t.v) var ikkje redd for eit år vekke frå trygge Førde. Solveig synast tanken på eit heilt år var skummelt: - Men det var egentlig ikkje før på flyet at det gjekk opp for meg kva eg skulle. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Aldri har så mange tatt andre år på vidaregåande i utlandet i staden for på Hafstad vgs. Katrin (16) og Solveig (17) valde England.

DEL

Det begynte med at Katrin Hugøy (16) og Solveig Grane (17) var leie av kvardagen i Førde. Så kom dei inn på tanken om å reise på utveksling.

Tanken på å oppleve ein ny kultur, bli kjent med nye folk og å bli meir sjølvstendige gjorde at dei bestemte seg for å reise.

– Vi har det veldig bra her, og angrar ikkje i det heile tatt, seier dei.

Dermed er dei blant dei 16 utvekslingsstudentane frå Hafstad dette året. Det er rekordtal.

Les også: Birte Kamille (17) bytta ut Førde med USA

For Katrin og Solveig fall valet på York College i Storbritannia fordi dei hadde høyrt mykje positivt frå fornøgde tidlegare reisande.

Slik søkjer du

For å reise til York, søkjer du på nettsidene til Heltberg International. Inntaket er løpande, men det kan vere lurt å søkje så tidleg som mogeleg.

Opptakskrava baserer seg på karakterar og ei samtale på engelsk. (Ikkje la deg skremme av det. Katrin seier at nokre fag, som law (tilsvarer rettslære i Norge) kan bli tunge på engelsk, men ho meiner det går fint for dei fleste.

- Ein burde kunne forstå og snakke det dagligdagse språket, men ein reiser jo ofte for å bli betre i engelsk.

– York er nærare heim enn USA, så det blei på ein måte tryggare. Dessutan har ein moglegheita til å få besøk og å reise heim i feriar her, i motsetning til viss ein er i USA, seier dei to.

Lengre skuledagar, men kjekkare

Medan fritida går til det same som før, er det større forskjell på skuledagane når dei samanliknar York og Hafstad.

NY KVARDAG: Katrin (t.v) og Solveig trivst, sjølv om den nye skulen er diger i forhold til Hafstad. York College har rundt 4000 elevar, mot Hafstad sine 530.

NY KVARDAG: Katrin (t.v) og Solveig trivst, sjølv om den nye skulen er diger i forhold til Hafstad. York College har rundt 4000 elevar, mot Hafstad sine 530. Foto:

– Skuledagane er lengre og lærarane forventar meir av deg enn kva vi er vande med, men samtidig gjer dei timane kjekkare og er meir motiverande, meiner Katrin.

Både Katrin og Solveig bur hos ein engelsk familie, som har blitt plukka ut for å passe dei.

– Å bu i ein vertsfamilie er rart, men det har gått veldig fint. Eg føler meg velkommen her, og familien eg bur hos passar meg veldig bra, seier Solveig, og legg til at ho har ei vertssøster frå Oslo, noko som er veldig kjekt.

Rekordmange reiste i år

Ifølge Magne Aardal, rådgjevar på Hafstad vgs. har elevar reist på utveksling heilt sidan Førde Gymnas blei til Hafstad vgs.

– Dei siste åra har det blitt meir populært. Talet har lege på rundt åtte-tolv, før det i år steig til heile 16 utvekslingselevar, seier Magne Aardal.

Han trur det er forskjellige grunnar til at fleire vil reise.

– Heltberg International, som er samarbeidsorganisasjonen til Hafstad, er ein svært trygg organisasjon å reise med. Dei har dessutan lagt det opp slik at du ikkje treng å ta opp att fag når du kjem tilbake.

Før var økonomien ein stoppar for unge som ville til utlandet. No dekkar Lånekassen rundt 120.000 kroner for utvekslingsstudentar, som betyr at ein betaler rundt 80.000 sjølv.

– Folk flest har nok fått betre økonomi, og med Lånekassen blir det mykje lettare ein før. Samtidig har vi aldri hatt ein elev som har komme heim og vore misfornøgd med utvekslingsåret, og det får nok folk med seg, seier Aardal.

Flest reiser til York

Av 16 utvekslingsstudentar i år, valde ti York, medan seks er i USA. Ifølge Aardal er interessa stor også i år. Heltberg og fjorårets utvekslingselevar har halde foredrag om utveksling for førsteklassingane på Hafstad i år.

– Det har vore godt oppmøte på foredraga, så det er ingen grunn til å tru at talet blir lågare til neste år, seier Aardal.

Katrin og Solveig håpar minst like mange reiser neste år, og kan allereie etter ein månad i England anbefale utveksling i York.

– Har du moglegheit, så reis. Det blir garantert verdt det, meiner begge to.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken