Elevane i Sogn og Fjordane gjer det betre på rekning enn lesing

JAMNT: Det er ingen store endringar i resultata på 8.- og 9.-klassingane i år. Prestasjonsnivået har stort sett vore jamt dei siste åra, både på landsbasis og i fylket vårt.

JAMNT: Det er ingen store endringar i resultata på 8.- og 9.-klassingane i år. Prestasjonsnivået har stort sett vore jamt dei siste åra, både på landsbasis og i fylket vårt. Foto:

UTDANNING: Resultata frå dei nasjonale prøvane for 8. og 9. trinn har komme. Dei viser ingen store endringar frå tidlegare prøvar.

DEL

I snitt er det ingen endringar på nasjonalt plan i elevanes prestasjonar i lesing, rekning og engelsk på 8. trinn. Resultata viser marginale endringar i prestasjonane frå 2017 til 2018. Dette gjeld dei fleste fylka.

I lesing kjem jentene på 8. trinn i snitt to skalapoeng betre ut enn gutane. I Sogn og Fjordane kjem jentene tre poeng betre ut enn gutane. På dei høgaste meistringsnivåa finn vi flest jenter, medan det er flest gutar som presterer på dei lågaste.

Jamt

Når det gjeld rekning ligg gutane i snitt to poeng over jentene. Skilnaden mellom jenter og gutar på lågaste nivå lite. Her i fylket kjem begge kjønn like godt ut.

I engelsk presterer 8.-klassingane jamt, også i vårt fylke. Gutane kjem best ut nasjonalt med eitt skalapoeng meir enn jentene. Gutane har auka prestasjonen sin med eitt poeng i snitt, medan jentene ligg på same meistringsnivå som i fjor.

Dei siste fem åra har det blitt færre gutar på dei lågaste meistringsnivåa i engelsk, frå 29 prosent til 26 prosent. Jentene har ikkje den same utviklinga.

Sogn og Fjordane skil seg ikkje ut

På 9. trinn er det halvparten så mange som presterer på lågaste meistringsnivå, og dobbelt så mange som presterer på høgaste meistringsnivå i både lesing og rekning. Sidan niandeklassingane har gått eitt år meir på skulen enn åttandeklassingane, er dette forventa.

Dei same forskjellane gjeld også prestasjonen til det same elevkullet som gjekk på 8. trinn i fjor og 9. trinn i år.

Antall elevar på høgste meistringsnivå i lesing varierer i fylka mellom 7 og 12 prosent. Her skil Oslo seg ut, med sine 21 prosent. Sogn og Fjordane ligg på 9 prosent av elevane på høgste nivå i lesing, medan 12,9 prosent av elevane ligg i høgste meistringsnivå på reking.

Sjå resultata for din kommune her.

Artikkeltags