Fleire tek lærarutdanning

FLEIRE VIL BLI LÆRAR: I dag er det om lag 50.000 som studerer innanfor sjølve fagfeltet, mens i 2008 var det om lag 30.000.

FLEIRE VIL BLI LÆRAR: I dag er det om lag 50.000 som studerer innanfor sjølve fagfeltet, mens i 2008 var det om lag 30.000. Foto:

Av

Trass strengare karakterkrav og lenger studieløp har interessa for grunnskulelærarutdanninga auka.

DEL

Talet på studentar auka med 400 frå 2017 til 2018, mest blant lærarutdanningane.

Det var om lag 293.300 studentar i universitets- og høgskuleutdanninga hausten 2018. Det er stadig fleire som vel lærarutdanningar, og frå 2008 til 2018 har talet auka med om lag 20.000, fortel SSB. I dag er det om lag 50.000 som studerer innanfor sjølve fagfeltet, mens i 2008 var det om lag 30.000.

Fleire studieplassar og at studiet er meir populært kan vere faktorar som spelar inn på auken, fortel Jane Bekkengen i SSB. Det aukar mest på dei femårige grunnskulelærarutdanningane frå 1.–7. trinn og 5.–10. trinn.

Det er framleis kvinner som dominerer utdanningane, men kjønnsfordelinga er i ferd med å jamnast ut, viser tala frå SSB. Frå 2008 til 2018 har talet på menn i lærarutdanningane auka med 4 prosent.

Artikkeltags