Nesten 70 prosent strauk på forkurs i matte

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

69,2 prosent av dei som tok forkurs i matte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane for å kunne gå lærarlinja, strauk på eksamen. Dei får difor ikkje teke til på lærarutdanninga til hausten. Det skriv khrono.no.

Frå i haust må alle som skal begynne på denne utdanninga, minst ha karakteren fire i matematikk frå vidaregåande skule. Søkarar som hadde karakteren tre fekk då moglegheita til å ta eit gratis forkurs for å kvalifisere seg.

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var det totalt 13 stykk som tok eksamen, men berre fire av desse bestod. Ni strauk.

På landsbasis var talet på beståtte prøver endå færre. Heile 74,7 prosent av dei som tok eksamen, strauk. Det skriv krono.no.

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet kjem det fram at alle som ikkje bestod eksamenen på forkurset, vil få informasjon frå Samordna opptak om korleis dei kan gå fram om dei ønsker å klage. Dei som ikkje bestod vil få tilbod om skuleplass på det høgast prioriterte ønsket dei er kvalifiserte for å komme inn på.

Artikkeltags