Ingen streik på Høgskulen

Hovudbygget til Førde-avdelinga av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Hovudbygget til Førde-avdelinga av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Partane i statsoppgjeret har blitt einige, og studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane blir difor ikkje råka av streik.

DEL

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Firda skreiv nyleg om at Sogn og Fjordane ville blitt hardast råka dersom det blei streik i staten. Men studentar på høgskulen kan no puste letta ut: staten, fagforbundet og YS Stat er no einige om ei fordeling av lønstillegg.

Lønstillegg til alle

Den nye avtalen inneber eit lønstillegg på 1,15 % til alle, medan resten blir fordelt lokalt i etatar og statlege verksemder.

Ifølge høgskulelektor og tillitsvald for Norsk Sjukepleiarforbund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, varsla Forskarforbundet, Utdanningsforbundet og Sjukepleiarforbundet ved HiSF å ta ut 117 av om lag 330 tilsette ved høgskulen i streik.

Høgskulen har om lag 3800 studentar som kunne blitt råka.

Les meir om den no avlyste streiken her:

Artikkeltags