Rådgjevar Magne Aardal: – Bruk tid på valet ditt

VILJE TIL OMSTILLING: – Utviklinga går fort. Om ti år finst sikkert fleire yrke vi ikkje har høyrt om i dag, seier Magne Aardal, rådgjevar ved Hafstad vidaregåande skule.

VILJE TIL OMSTILLING: – Utviklinga går fort. Om ti år finst sikkert fleire yrke vi ikkje har høyrt om i dag, seier Magne Aardal, rådgjevar ved Hafstad vidaregåande skule. Foto:

UTDANNING: Magne Aardal (66) har hjelpt elevar å velje utdanning i over tjue år.

DEL

– Elevane skal jobbe til dei er 75 år. Eg ser mange velje folkehøgskule, å reise eller å ta eit studieår for å prøve ulike fag på universitetet. Å bruke tid til å prøve seg litt fram før dei finn det perfekte studium, seier Magne Aardal.

Som rådgjevar på Hafstad vidaregåande skule i Førde i over tjue år har Aardal hatt fleire såkalla utdanningssamtalar enn han kan hugse.

Han presiserer at utdanning er viktig, men at mange ikkje endar opp med jobbar innanfor akkurat det dei studerte.

– Samfunnet og arbeidsmarknaden er spesialisert og krev at ein har utdanning. Å ta utdanning er blitt viktigare enn det var tidlegare, seier Aardal.

Stadig nye yrke

Når elevane skal velje utdanning, er Aardal opptatt av å følge med på både ny forsking og utviklingstrendane i arbeidslivet. Han legg vekt på at utdanning er eit grunnfundament og at det er mogeleg å bygge vidare med til dømes spesialisering.

– Sjukepleiarstudiet har jo 24 ulike spesialiseringar! Det er fleire moglegheiter når ein har ei utdanning i botn, seier Aardal.

– Samstundes dukkar det opp nye yrke, og utviklinga går fort. Om ti år finst sikkert fleire yrke vi ikkje har høyrt om i dag. Men, å følge hovudet og å følge hjartet er to grunnleggande prinsipp. Ein skal interessere seg for det ein skal jobbe med, samstundes som ein skal finne arbeid der ein ønsker å bu.

Utdanningssystemet har blitt endra sidan Aardal tok til som rådgjevar.

– Fleire elevar er opptatt av å velje yrkesretta utdanning no enn før. Tidlegare såg eg at elevane ønskte å kanskje prøve ut eit fag eller to, gjerne på universitetet, før dei sikta seg inn mot studieretninga dei fullførte. Eg trur dagens utdanningssystem er tilrettelagt for at ein som student skal fullføre eit studium utan å smake på litt forskjellig, i motsetning til før.

Å følge hovudet og å følge hjartet er to grunnleggande prinsipp

Magne Aardal

Ønsker jobb på heimstaden

Aardal fortel at fleire er opptatt av å kunne komme tilbake til regionen etter enda utdanning. Ifølge ei undersøking vel dei fleste elevane frå Førde å ta utdanning i anten Bergen eller Sogn og Fjordane.

– Mange av elevane ønsker å komme tilbake til denne regionen når dei er ferdig utdanna. I tillegg er dei opptatt å få seg fast jobb, og å sikre seg bustadlån. Eg trur det gjer at absolutt fleirtalet vel tradisjonelle yrkesutdanningar som til dømes sjukepleie, ingeniør og lærar, fortel Aardal.

– Nokre elevar er på jakt etter yrke med høg lønn, men desse er i mindretal. Det eg ser oftast er at elevane søker ei tydeleg yrkesretta utdanning, utdanningar som gjev eit tydeleg definert yrke – og som opplevast som etterspurt og sikkert, seier Aardal.

Viktig med vilje til omstilling

Sjølv om Aardal fortel at mange ikkje veit kva dei vil studere, er elevane generelt sett bevisst på kva som skjer i samfunnet og i arbeidsmarknaden.

Endringar som nedgangen i mediebransjen og oljenæringa hadde tydeleg innverknad på elevane. Det har komme til syne at elevane er opptatt av stabilitet og føreseielegheit etter enda studium.

– Generelt sett ønsker elevane å velje ei utdanning som gjev dei ein yrkestittel. I tillegg følger elevane med på trendane, dei er bevisste på kva dei burde velje og kva dei burde unngå. Eg hugsar ein periode då alle skulle bli eigedomsmeklar, fortel Aardal.

Artikkeltags