Køyrde gravemaskin som ei jente

UTDANNING: Det vil seie med presisjon, god tid og god HMS.

HARD KONKURRANSE: Silje Bakke Nesbø trakterer gravemaskina.

HARD KONKURRANSE: Silje Bakke Nesbø trakterer gravemaskina. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Torsdag var det fylkesmeisterskap i yrkesfag på Mo og Øyrane vgs., campus Øyrane. Vidaregåande elevar frå heile fylket konkurrerte i sitt fagfelt. Vinnarane går vidare til nasjonale, og potensielt internasjonale konkurransar.

Studering vart for teoretisk

– Eg synest eg brukte for lang tid. Dei eg konkurrerer med, er veldig flinke, seier Silje Bakke Nesbø (19) frå Kringlen i Gulen.

Ho går i 2.-klasse anleggsteknikk og var ein av dei som deltok i gravemaskinkonkurransen. Den gjekk ut på å grave seg 30 cm ned i ein sandhaug og sette ned ein plastkumme i perfekt vater begge retningar, dessutan må dei sørge for ein halvmeter klaring rundt kummen. HMS-brot som til dømes å gløyme hjelm eller sikkerheitsbelte vert straffa med eit tilleggsminutt for kvart brot.

– Eg gjekk to år på studenten, men det vart for teoretisk for meg. I staden hadde eg nokre vener som køyrde gravemaskin og let meg prøve, så då fekk eg interesse for det. No synest eg det er gøy å køyre gravemaskin, seier Nesbø.

INTERESSE FOR GRAVEMASKIN: Silje Bakke Nesbø.

INTERESSE FOR GRAVEMASKIN: Silje Bakke Nesbø. (Foto: )

– Silje hadde alt rett, veldig god tid og ingen straffetillegg. Ho kom i mål på 5 minutt og 32 sekund, seier Jan Erik Øygard til Firda etter konkurransen.

VM i yrkeskompetanse

Yrkesfagleg skulekonkurranse vert arrangert ein gong i året. Arrangør er Sogn og Fjordane fylkeskommune i tett samarbeid med Opplæringskontoret for industri- og teknologifag. I år var det 115 påmelde elevar frå ni ulike skular.

I tillegg til gravemaskin vart det konkurrert i mellom anna tømrarfaget, mekaniske fag, helsearbeidarfag og servitørfag.

Konkurransen vert også kalla Yrkes-VM, og dei lokale vinnarane får billett til Lillehammer der dei i sin tur skal konkurrere om ein plass på landslaget. Målsettinga er at elevane skal etterstreve yrkeskompetanse i verdsklasse.

TOMMEL OPP: Fagdommarar Vidar Aase og Jan Erik Øygard sjekkar Silje Bakke Nesbø sine resultat i gravemaskinkonkurransen.

TOMMEL OPP: Fagdommarar Vidar Aase og Jan Erik Øygard sjekkar Silje Bakke Nesbø sine resultat i gravemaskinkonkurransen. (Foto: )

SVEIS: Mathilde Drage fra Måløy vidaregåande skule konkurrerte i sveising. Her i samtale med faglærar og verksmeister på Øyrane, Rolf Helge Myren.

SVEIS: Mathilde Drage fra Måløy vidaregåande skule konkurrerte i sveising. Her i samtale med faglærar og verksmeister på Øyrane, Rolf Helge Myren. (Foto: )

Den endeleg vinnarlista er i skrivande stund ikkje klar. Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags